Hedleberget er eit skiferbrot fylt med historie, og har ei spektakulær utsikt. Kring år 1900 var skiferindustrien den største arbeidsplassen på Voss. På det meste arbeidde det 400 mann i skiferindustrien på Voss, vel halvparten av dei i bråta i Kytesgrenda. Hedleberget har ein industrikulturhistorisk verdi, og kring 200 års uttak av skifer har gitt området eit synleg preg. I dag er det dagleg drift i skiferbrotet, med berre ein arbeidar. Interessegruppa for Hedleberget arbeider for å ta vare på gamle bygningar, maskiner og anna utstyr, og for å formidla denne kulturhistoria vidare, der dei mellom anna har laga ein kulturhistorisk natursti. I samarbeid med Interessegruppa, hadde komiteen laga eit opplegg der me fekk eit innblikk i historia kring denne industrien.
Atten soroptimistar møtte i Produksjonshallen og fekk velkomst med kaffi og kaker. President Irene Kittilsen Lid opna møtet; ynskte velkommen, tente lys og las appellen, og me song Soroptimistsangen.
Ingmar Hårklau frå Interessegruppa fortalte ei imponerande historie om Hedleberget og om Interessegruppa sine mange oppgåver. Alt vert gjort på dugnad. Dei samarbeider med Voss kommune.
Jan Olav Grevle viste oss arbeidet i produksjonshallen med kløyving av skiferen og skanting / forming av skiferhellene til den forma ein ynskjer. Dei som ville, fekk prøva skantesoksa.
Me vandra i strålande haustvér på naturstien, med ei fantastisk utsikt mot Lønahorgi og Lønavatnet. Dei historiske husa stod opne, så me kunne gå inn og sjå på arbeidsplassar og utstyret dei hadde, og lesa på infotavlene langs ruta.
I Songveshytta (ein av dei restaurerte bygningane) møttest me til middag og møte.
Her fekk me nytt frå klubbane. Inger Johanne Nedreaas Haukedal frå Bergen Soroptimistklubb informerte om deira arbeid i klubben, og Irene Kittelsen Lid fortalde om arbeidet i Voss Sorptimistklubb. Det var loddsal til inntekt for barneheimen i Mostar, Voss Soroptimistklubb sitt prosjekt.