Barneheimen i Mostar i Bosnia
Voss Soroptimisklubb jobbar med prosjektet "Barneheimen i Mostar". Me har hatt denne barneheimen som prosjekt tidlegare, men starta no på nytt med endra innfallsvinkel:
- Eit prosjekt i tråd med SI sitt langtidsprogram "Invester i framtida: Soroptimister for utdanning og ledelse"
- Eit prosjekt som er knytta til SI sine 10 programfokusområde, punkt 9: "Sikra lik utdanning og opplæring for kvinner og jenter gjennom heile deira levetid."
Prosjektet start 7.februar 2011 og varer i 5 år til 7.februar 2017.
Kva vil me gjera:
- Me vil støtta barneheimen med skuleutstyr, undervisningsmateriell og bøker til biblioteket.
- Me vil besøkja barneheimen ein gong i året for å få eit inntrykk av behova
- Ved desse besøka vil me ta med oss noko utstyr til kvar enkelt.
Korleis vil me gjera dette:
- Me vil reisa pengar ved å halda kakebasarar to gonger pr. år. Me antar at dette vil innbringa omlag kr 8 000,-
- Me lagar gåvebrev for sal
- Som tillegg vil dette gjera oss synlege i lokalmiljøet ved direkte kontakt med befolkningen og avisomtale som gjev informasjon om verksemda vår. Me vil òg ha nytte av dette i rekrutteringsarbeidet til klubben.
Evaluering:
- Prosjektet skal evaluerast undervegs i april kvar år